Norsk Ordbok 2014 layout  
layout
    25.1.2008
 
    layout 
 
layout


Prosjektet No2014
Norsk Ordbok
Søk
Tilsette
Kontakt
layout

Utlysing av mastergradsstipend for 2011

med utgangspunkt i dei nynorske språksamlingane ved ILN, Norsk Ordbok 2014

Norsk Ordbok 2014 lyser ut eit masteroppgåvestipend på kr 15 000,-. Stipendet skal gå til ein student i norsk språkvitskap som bruker materiale frå dei nynorske leksikografiske samlingane i masteroppgåva si. Me har laga eit større oversyn over aktuelle emne og framlegg til masteroppgåver som tek utgangspunkt i materialet vårt. Oversynet finn du her.

Norsk Ordbok 2014 arbeider med å ferdigstilla ei vitskapleg 12 bands dokumentasjonsordbok over det nynorske skriftspråket og det norske folkemålet. Norsk Ordbok skal vera ferdig til 200-årsjubileet for Grunnlova i 2014. I ferdig stand kjem ordboka til å omfatta meir enn 300 000 ordartiklar. Redaksjonen arbeider nå med band 10, som kjem ut mai 2012.

Store delar av grunnlagsmaterialet til Norsk Ordbok (bl.a. 3,2 millionar ordsetlar) blei digitalisert i løpet av 1990-talet. Dette store elektroniske kjeldetilfanget er tilgjengeleg gjennom Metaordboka, ein elektronisk indeks der materiale frå mange ulike kjelder ligg sortert under normaliserte oppslagsord. Samlingane omfattar vidare eit nynorsk tekstkorpus som stadig er under utbygging, og som i dag inneheld meir enn 86 mill. ordformer. Korpuset inneheld tekstar frå og med andre halvdel av 1800-talet og fram til i dag, og omfattar både skjønnlitteratur og sakprosa. Du kan søkje i både Metaordboka og det digitale tekstkorpuset her. Samlingane omfattar dessutan også målføresynopsisen, som inneheld systematisk innsamla fonologiske og morfologiske opplysningar frå heile landet ned på kommunenivå. Også synopsisen er tilgjengeleg i digital versjon og kan brukast fritt av alle som ønskjer det. Gå hit.

Studentar som vil søkja dette stipendet, må skriva ein kort søknad der dei gjer greie for emnet for masteroppgåva og for korleis dei nynorske samlingane er tenkt nytta. Ved søknaden skal det liggja karakterutskrift og ein kort CV (Karakterutskrift kan ein få ved å ta kontakt med HFs eksamenskontor, eksamenskontoret@hf.uio.no).

Mottakaren av stipendet skal kunna dokumentera at stipendbeløpet er brukt til bøker, reiser og anna materiell relatert til utdanninga, og mottakar må i etterkant kunna dokumentera utgiftene med originalkvitteringar.

Søknad skal sendast anten elektronisk til Åse Wetås (ase.wetas@iln.uio.no) eller som brev til denne adressa:

Norsk Ordbok 2014 v/ prosjektdirektør Åse Wetås
Postboks 1021 Blindern
0315 OSLO

Søknadsfrist: 1. november 2011


Presentasjon
Styret
Samarbeidspartnarar
Intern organisering
Årsplanar/Årsrapportar
Dataverktøy
Vitskaplege artiklar
Stipend
Aktivitet
 
I samarbeid med:
 
gå til sidene til UiO
 
gå til sidene til Kultur- og kyrkjedepartementet
 
gå til sidene til Samlaget
 
gå til sidene til Dokumentasjonsprosjektet
 
gå til sidene til NTNU