Norsk Ordbok 2014 layout  
layout
    25.1.2008
 
    layout 
 
layout


Prosjektet No2014
Norsk Ordbok
Søk
Tilsette
Kontakt
layout

 


Samarbeidspartnarar


Logo for Kulturdepartementet

Kulturdepartementet (KUD)
finansierer ein stor del av prosjektet NO 2014 over statsbudsjettet. Løyvinga frå Stortinget går uavkorta til løn, og i 2011 var ho på kr 15 126 000.

Universitetet i Oslo

Universitetet i Oslo (UiO)
finansierer resten av NO 2014. Kollegiet løyver driftsmidlane til prosjektet, og vi nyt godt av UiOs administrasjon på mange felt, til dømes når det gjeld lønsutbetaling, arkiv og personalkonsulenttenester. I tillegg lèt Institutt for lingvistiske og nordiske studium prosjektet disponere fire årsverk til beste for NO 2014, og Eining for digital dokumentasjon bruker eit årsverk på arbeid for prosjektet. NO 2014 er fysisk lokalisert i det gamle Veglaboratoriet i Gaustadalleen 25.

Logo for Eining for digital Dokumentasjon

Eining for digital dokumentasjon (EDD)
og NO 2014 har gjort avtale om eit femårig samarbeid frå 1. mai 2002. Avtala regulerer vilkåra for samarbeidet om utvikling av IT-baserte verkty for NO 2014. EDD stiller eit årsverk til rådvelde for prosjektet, medan NO 2014 betaler EDD for endå eit årsverk.

Logo for Det Norske Samlaget

Det Norske Samlaget
er forlaget til Norsk Ordbok. Det har det vore sidan det fyrste heftet kom ut i 1950, men samarbeidet går lenger attende, for det var Samlaget som fyrst tok initiativ til å få i stand ordboka i 1929.

Logo for Norges Teknisk-Naturvitenskapelige Universitet

Noregs teknisk-naturvitskaplege universitet (NTNU)
stiller på rimelege vilkår kontorplassar, teknisk hjelp og infrastruktur til rådvelde for fem av dei tilsette ved NO 2014.

Andre peikarar

Presentasjon
Styret
Samarbeidspartnarar
Intern organisering
Årsplanar/Årsrapportar
Dataverktøy
Vitskaplege artiklar
Stipend
Aktivitet
 
I samarbeid med:
 
gå til sidene til UiO
 
gå til sidene til Kultur- og kyrkjedepartementet
 
gå til sidene til Samlaget
 
gå til sidene til Dokumentasjonsprosjektet
 
gå til sidene til NTNU