Norsk Ordbok 2014 layout  
layout
    25.1.2008
 
    layout 
 
layout


Prosjektet No2014
Norsk Ordbok
Søk
Tilsette
Kontakt
layout

Dataverktøy

Ei viktig side av prosjektet Norsk Ordbok 2014 er utviklinga av nye dataverktøy. Utviklinga skjer i samarbeid med Eining for digital dokumentasjon ved Universitetet i Oslo. Målet med denne satsinga på dataverktøy er å innføre IT-baserte redigeringsrutinar ved ordboka. Slike rutinar skal gjere redigeringsprosessen raskare, det vil lette opplæringa av nye redaktørar, og vonleg vil også dei nye verktøya gje oss eit betre ordboksprodukt.

Setelarkivet og Grunnmanuskriptet
Utgangspunktet er det digitaliseringsarbeidet som vart gjort av Dokumentasjonsprosjektet i perioden 1991-1997. I denne perioden vart blant anna Setelarkivet og Grunnmanuskriptet ved Norsk Ordbok digitaliserte og lagde inn i databasar, slik at ein no kan søkje på oppslagsord og andre opplysningskategoriar. Det elektroniske Setelarkivet viser også ein faksimile av kvar setel på dataskjermen.

Metaordboka
For å samordne alle delane av dei nynorske språksamlingane har EDD og NO 2014 også laga ein normert katalog - ein indeks - over alle oppslagsord. Denne indeksen har vi kalla Metaordboka. Arbeidet kom i gang i 2000. No, i 2003, er Grunnmanuskriptet, Setelarkivet, setelsamlingane attom Trønderordboka og fleire andre ordbøker og ordlister samindekserte gjennom Metaordboka. Metaordboka har pr. november 2006 545 933 ulike oppslagsord. Attom kvart oppslagsord kan det liggje frå éin til fleire tusen belegg og einskildopplysningar. For fyrste gong har vi dermed ein presis oversikt over det tilfanget ordboka skal byggje på.

 

Metaordboka vil bli utvida og oppdatert ettersom dei elektroniske ordsamlingane veks, mellom anna med mykje målføretilfang.

 

Det nynorske tekstkorpuset
Eit viktig tillegg til Metaordboka er Det nynorske tekstkorpuset ved Norsk Ordbok. Korpuset er under utbygging, og har om lag 87 millionar ord pr. november 2011. Tekstane er henta dels frå dei nynorske klassikarane, men det er mest stoff frå yngre nynorske tekstprodusentar. Korpuset har avisspråk, skjønnlitterært språk, tekstar for born og fagspråk. Tekstkorpuset vil særleg gje betre grunnlag for å redigere ord frå det moderne nynorske skriftmålet. Det inviterer også til utnytting for andre forskingsformål enn det leksikografiske.

 

Redigeringsprogram
Siste element er eit redigeringsprogram for Norsk Ordbok. Programmet er tilkopla Metaordboka og vil også bli kopla saman med Nynorskkorpuset. Innanfor redigeringsprogrammet skal ein kunne hente opp tilfanget for kvart oppslagsord, sortere det, definere det og skrive inn ferdige ordartiklar. Ordartiklane blir skrivne inn  i database, felt for felt. Redaktørane får hjelp av menyar med førehandsprogrammerte opplysningar om ordning og rekkjefølgd. Typografi og teiknsetjing ligg i programmet, og fotosats blir produsert direkte frå basen.
meir


Presentasjon
Styret
Samarbeidspartnarar
Intern organisering
Årsplanar/Årsrapportar
Dataverktøy
Vitskaplege artiklar
Stipend
Aktivitet
 
I samarbeid med:
 
gå til sidene til UiO
 
gå til sidene til Kultur- og kyrkjedepartementet
 
gå til sidene til Samlaget
 
gå til sidene til Dokumentasjonsprosjektet
 
gå til sidene til NTNU