Norsk Ordbok 2014 layout  
layout
    25.1.2008
 
    layout 
 
layout


Prosjektet No2014
Norsk Ordbok
Søk
Tilsette
Kontakt
layout

Presentasjon

Norsk Ordbok 2014 er eit prosjekt som vart sett i gang i 2002. Den nye organisasjonen skal halde fram med eit fagleg arbeid som byrja alt i 1930. Det er arbeidet med Norsk Ordbok. I og med nyordninga har vi fått ein sluttdato for ordboka. Ho skal vere ferdig til grunnlovsjubileet i 2014. Det vil seie at ni av dei tolv planlagde banda skal gjevast ut i prosjektperioden. Når ein veit at det har teke 72 år å samle inn tilfang og å redigere dei fire fyrste banda av ordboka, er det klårt at prosjektet står overfor store utfordringar med omsyn til produktivitet. Desse utfordringane har vi likevel fått vesentleg betre rammevilkår for å møte.

Vi har fått auka løyvingar, dels frå Kultur- og kyrkjedepartementet, dels frå Universitetet i Oslo. Vi har difor kunna tilsetje mange nye medarbeidarar. Vi har fått ein ny styringsstruktur og er no organiserte som eit sjølvstendig prosjekt lausrive frå instituttstrukturen ved UiO. Det er oppnemnt eit eksternt styre, tilsett ein prosjektdirektør og gjennomført ei intern omlegging, slik at vi kan målstyre verksemda. Og ikkje minst: vi har for alvor teke steget over i dataalderen. Ikkje berre er kjeldene våre og arkivet vårt no tilgjengelege over nett, men vi har også supplert dei gamle kjeldene med eit elektronisk tekstkorpus. Dessutan er sjølve ordboka no ein kompleks database som vi skriv ordartiklane rett inn i ved hjelp av eit redigeringsprogram - ein editor. Databasen er søkbar, ein kan lett trekkje fram driftsrapportar ut av han, og det er utvikla ein tilleggsapplikasjon som genererer ferdig sats direkte frå databasen. Alt dette gjer målet om ferdigstilling i 2014 realistisk.

 


Presentasjon
Styret
Samarbeidspartnarar
Intern organisering
Årsplanar/Årsrapportar
Dataverktøy
Vitskaplege artiklar
Stipend
Aktivitet
 
I samarbeid med:
 
gå til sidene til UiO
 
gå til sidene til Kultur- og kyrkjedepartementet
 
gå til sidene til Samlaget
 
gå til sidene til Dokumentasjonsprosjektet
 
gå til sidene til NTNU