English
Om ordboka
Norsk Ordbok – ordbok over det norske folkemålet og det nynorske skriftmålet –
gjev ei uttømmande framstilling av ordtilfanget i dei norske dialektane og det nynorske skriftspråket.
Under oppslagsorda finn du informasjon om ordtydingar, dialektformer, grammatiske opplysningar og opplysningar om ordhistorie.
Det komplette ordboksverket består av tolv trykte band og meir enn 330 000 ordartiklar.
Rettskriving
Norsk Ordbok bruker 1938-rettskrivinga som redaksjonsmål. Norsk Ordbok er ikkje ei rettskrivingsordbok for moderne nynorsk
og har fram til no ikkje innehalde opplysningar om gjeldande skrivemåtar og bøyingsformer av ord. Inntil denne typen
opplysningar blir tilgjengeleg ved søk i Norsk Ordbok, finn ein oppdatert informasjon om gjeldande rettskriving i
Nynorskordboka.
Norsk ordbok er under oppdatering
Ved Universitetet i Bergen føregår det no oppdatering og revisjon av Norsk Ordbok. Ordbokprosjektet Norsk Ordbok A–H (NO-AH)
har som hovudmål å digitalisera og revidera alfabetstrekket a–h. Prosjektet, som er eit samarbeid mellom Universitetet
i Bergen og Høgskulen i Volda, hadde oppstart i 2019 og er finansiert med årlege løyvingar frå Kulturdepartementet.
Eit viktig mål er å involvera brukarane til Norsk Ordbok i utviklinga av nettordboka.
Parallelt med revisjonen av a–h blir det utvikla ei felles plattform for lagring og utvikling av ordbøker ved
Språksamlingane ved Universitetet i Bergen. På sikt skal det dermed bli mogeleg å søkja i det aktuelle strekket
gjennom databasen til NO-AH, og i ordbokartiklar med oppdatert innhald. I mellomtida har ein lagt til rette for
mellombelse løysingar for søk i bolken a–h, i faksimilar og i ein utdatert og ufullstendig databaseversjon.
Søk i ulike delar av ordboka
Alfabetstrekket i–å omfattar om lag 200 000 ordartiklar. Denne delen av ordboka vart redigert under prosjektet
Norsk Ordbok 2014 (2002–2016), der ein gjekk over til elektronisk redigeringsformat. Artiklane her er dermed
tilgjengelege både i trykt og i digital form.
Søk i dette strekket skjer via
søkjefeltet Norsk Ordbok i-å øvst på denne sida.
Artiklar frå dei eldste delane av ordboka, i alfabetstrekket a–h, er skrivne før redigeringsprosessen vart
digitalisert. Desse artiklane finst i den trykte utgåva av Norsk Ordbok, som er tilgjengeleg som faksimilar i i
pdf-format på den digitale tenesta til Nasjonalbiblioteket, bokhylla.no. Ein kan søkja i strekket a–h i desse
faksimilane, som i dag dessverre har noko avgrensa søkjefunksjonalitet.
Det ligg også føre eit digitalt manuskript for alfabetstrekket a–h som daterer tilbake til perioden
før Norsk Ordbok 2014. Det er fleire problem med dette manuset som gjer at artiklane her ikkje er gjort
tilgjengelege i ordbokdatabasen saman med artiklane i strekket i–å. Framfor alt treng artiklane innhaldsrevisjon.
I tillegg har manuskriptet ei form som gjer at innlastinga i databasen er ufullstendig, og som gjer det vanskeleg
å visa fram artiklane på ein lesarvenleg måte.
Det blir snart mogeleg å søkja i dette materialet i ein testversjon.
Artiklane er utdaterte og visninga mangelfull, men ein arbeider med å gjera framstillinga så god som mogeleg medan revisjonen av
strekket a–h pågår. Etter kvart som revisjonen går framover skal reviderte artiklar i a–h verta
tilgjengelege for søk i ordbokdatabasen saman med artiklane i strekket i–å.
For å søkja i Norsk Ordbok på bokhylla.no vel ein
søk i Norsk Ordbok a-h øvst på denne sida.
Norsk Ordbok 2014
Under prosjektet Norsk Ordbok 2014 vart siste band av Norsk Ordbok lansert 9. mars 2016.
Prosjektorganisasjonen Norsk Ordbok 2014 vart formelt lagd ned då siste band av det trykte verket vart sendt til forlaget.
Dei gamle nettsidene til prosjektet finn ein her,
medan verket i trykt form kan tingast her.
Språksamlingane
I 2016 kom det på plass ei løysing for vidare drift av dei norske språksamlingane,
Norsk Ordbok, Nynorskordboka og Bokmålsordboka. Språksamlingane er ressursar av uvurderleg verdi for det norske språksamfunnet,
og Universitetet i Bergen har teke på seg ansvaret for langsiktig drift og utvikling av samlingane og samlingsressursane.
Universitetet i Bergen set pris på at forskarane som var knytte til Norsk Ordbok 2014, bidreg med kunnskapsoverføring
til det miljøet som har teke over ansvaret for drift, vedlikehald og utvikling av Norsk Ordbok-ressursane.