Logo - Norsk Ordbok 2014
Informasjon
På Nasjonalbiblioteket sine nettsider kan ein slå opp i faksimilar av den trykte utgåva.

Nokre hovuddrag i lydverket

e - æ: mange ord som hadde æ som hovudform frå 1938, fekk e i 1959 (t.d. gjeta, kresen, kremmar, sete, seter, skremma, sprek). Motsett fekk vi hær og sær(leg) for tidlegare her og ser(leg). Norsk Ordbok held på dei eldre formene: gjæta, kræsen, kræmar, sæte, sæter, skræma, spræk, her, ser(leg).

y - ø: I mange ord der 1938-rettskrivinga hadde hovudformer med -y-, fekk vi i 1959 -ø-. Norsk Ordbok nyttar y-formene (bylgje, fylgje, fyrst, lygn, nykel, sylv osb.), men har ø foran r (føre, mørk, spørja).

Diftongar: Norsk Ordbok bruker diftongerte former som høyra, køyra, røyr, røyst, trøyst(a), trøytt osb. der det i 1959 kom inn jamstelte former med monoftong. Monoftongering blir berre brukt i ord der det slo igjennom for lenge sidan, som i brød, del, kjøpa.

Enkel versus dobbel konsonant: Norsk Ordbok held på formene med enkel konsonant frå 1938-rettskrivinga (døma, gamal, røma osb.), og tilsvarande sjølvsagt i bøygde former som domen, romet, tome. Det same gjeld ved andre konsonantar der dobbeltkonsonant er jamstelt, som i ven, løn, kjøken, kjøt, brot, skot.

jo - y: Norsk Ordbok har y i ord som lyd, lys, byda, skyta osv., og ju i spjut.

Einskildord der det har komme inn valfridom etter 1938: I desse orda nyttar Norsk Ordbok den mest tradisjonelle forma: då, difor, fjøre, jarn, lukke, lukkast, mogen, sigla, skuldig, skuva, tjøre, tjørn, tunne, turka, turr, vita, og substantiva auga, hjarta, øyra (med flt. -o). I andre tilfelle har Norsk Ordbok valt den "moderne" forma, som også var jamstelt frå 1938: arva/-ing, jul, låsa, måla, nøtt, okse, venstre. Norsk Ordbok skriv brud og fure i oppslagsformer, men brur og furu er godtekne i redaksjonsspråket.

Einskildord der hovudforma frå 1938 seinare er blitt sideform eller har fått jamstelt form: I slike ord held Norsk Ordbok på den tradisjonelle forma som var (einaste) hovudform i 1938. Døme er fumla, hovding, skule, stove, sumla, tunn, tunne, vit, åleine. Merk at gjente var obligatorisk form før 1959 og framleis skal nyttast i NO.