For ein del arveord i norsk er det vokalkvaliteten i rota som syner opphav. For Aasen og Ross var vokalkvaliteten i rota eit kriterium for homografseparering og val av skriftsymbol (bokstav) i den normerte rettskrivinga. Ordbøkene til Aasen og Ross har opplysning om den nedervde uttalen av rotvokalen er open eller trong, i dei tilfella der forfattarane meinte at det var relevant.
Norsk Ordbok nyttar aksent aigu ( ´ ) for trong vokal og aksent grave ( ` ) for open: ”port ( ó )” vs. ”post” ( ò )”. Dei vokalane som kan få slike aksentar, er a, e, i, o, u og y.
Norsk Ordbok har berre vokalparentes der Aasen eller Ross har det. Har oppslagsforma på grunn av nyare normering fått ein annan rotvokal enn Aasen og Ross hadde, fell parentesen bort.
Trykk på overskriften for å nullstille feltet.